Christian Rekkedal
Innlegg av Christian Rekkedal
Christian er landbruksdirektør hjå Fylkesmannen. Han er utdanna sivilagronom og har arbeidd med landbruk, plan- og miljøsaker, først i Hordaland og deretter her i fylket. E-post, Heimeside

Skrantesjuka må utryddast i Norge

Publisert onsdag 10. mai 2017

Måndag 8. mai melde Landbruks- og matdepartementet at dei har bestemt seg for å ta ut over 2200 villrein i Nordfjella; nærare bestemt området mellom riksvegen over Hemsedalsfjellet og fylkesvegen mellom Hol og Aurland. Formålet med dette kraftige tiltaket er  å unngå at skrantesjuke spreiar seg vidare.

Etter kvart vil vi dessverre få høyre ganske mykje om Chronic Wasting Disease (CWD), eller skrantesjuke. Først skal heile stamma slaktast eller skytast, deretter må området ligge brakk i minst fem år, før villreinstamma skal byggast opp på nytt. Det vil altså ta minst 10 – 12 år før villreinstamma i Nordfjella er tilbake i noko omfang.

Skrantesjuka er ein svært skummel sjukdom som alltid har dødeleg utgang for hjortedyr som vert smitta. Han smittar mellom levande dyr i flokken, kan gå over til hjort og elg via spytt og urin, og kan også overleve i jordpartiklar. Til no er det heldigvis ganske få dyr som er smitta, noko som betyr at det ikkje har spreidd seg skikkeleg enno. Her ligg også dilemmaet for departementet; dei skulle gjerne hatt endå meir kunnskap, men dess lenger dei ventar med å avlive dyra dess større vert smittepresset mot andre dyr.

Villreinflokk. Foto: Per Jordhøy, NINA.

Villreinflokk. Foto: Per Jordhøy, NINA.

Det er utan tvil eit svært drastisk tiltak å ta ut heile denne villreinstammen. Men konsekvensen av å vente kan bli mykje verre. Eg var med på synfaring og møte på Hemsedalsfjellet mellom landbruks- og matministeren og representantar for grunneigarar, beitebrukarar, tamreinbrukarar og villreinforvaltarar. Der var også ordførarar og rådmenn frå kommunane rundt Nordfjella. Her fekk vi god oversikt over denne dramatiske situasjonen.

Alvoret og risikoen med å vente seig etter kvart innover forsamlinga. Ministeren understreka dei klare råda han har fått frå vitskapleg hald, og seier at å gjere ingenting er det verste han kan gjere. Det vil verte ei økologisk og økonomisk katastrofe om denne sjukdomen får spreie seg til villreinen på Hardangervidda, tamreinen mellom Hemsdal og Valdresflya, og til hjorten og elgen i dalføra utanfor fjellet. I så fall kan sjukdomen også spreie seg nordover til tamreinen i Midt-Noreg og nordover.

Ei spreiing av skrantesjuke vil redusere tilliten til norsk viltforvaltning, omdømet til jakt og viltkjøt, og tilliten til andre produkt frå fjellheimen. Det vil også vere stikk i strid med grunnlaget for trygg og rein norsk matproduksjon.

Det er beitenæringa som får dei største praktiske problema. Det blir forbod mot å sette opp saltstein for å lokke dyra til sitt faste beiteområde. Reinsdyr og hjort set også pris på denne godisen, og dermed er dette ei potensiell smittekjelde mellom reinsdyr, og frå reinsdyr til hjort.

Dette er sjølvsagt ei svært vanskeleg sak, og det vil heilt sikkert dukke opp praktiske problem. Det er heller ingen garanti for at det vil virke. Men med det alvoret som ligg i CWD-smitta, pliktar vi å gjere eit seriøst forsøk på å utrydde sjukdomen frå norsk jord.

Ikkje slå ut jorda med oppvaskvatnet

Publisert onsdag 17. februar 2016

NRK Brennpunkt hadde 16. februar eit program om endringane i norsk husdyrproduksjon, mellom anna auka bruk av kraftfôr, nedgang i jordbruksareala og attgroing i fjord- og fjellbygdene. Vi kjenner oss att i problemstillingane. Spørsmålet er om dette berre er ei utvikling vi må akseptere fullt ut, eller om vi kan gjere noko med det.

Litt om utviklingstrekka her i fylket:

  • Talet på bruk er redusert med 23 prosent frå om lag 3900 i 2004 til 3000 i 2014
  • Produksjonsvolumet på mjølk og kjøt er derimot nokolunde stabilt – det har altså skjedd ei kraftig effektivisering i primærproduksjonen.
  • For mjølkeproduksjonen har vi satsa på ei modernisering for å halde oppe volumet og for at kyrne skal kome frå båsfjøs til lausdrift. No er 40 prosent av kyrne i lausdrift og 25 prosent av mjølka i svært moderne robotfjøsar.

Det er mange og dyktige bønder som har satsa stort på framtida, og effektivisering er naudsynt for både lønsemda og matprisane. Det er viktig i seg sjølv å halde oppe matproduksjonen nasjonalt, og lokalt for å halde foredlingsbedriftene med råvarer. Dei tre største er Tine på Byrkjelo, Nortura i Førde og Nordfjord Kjøtt i Loen.

Men denne utviklinga har også negative sider:

  • Jordbruksarealet har blitt redusert, dvs. at meir av produksjonen skjer på grunnlag av kraftfôr frå inn- og utland.
  • Fulldyrka jord har gått ned med 16 prosent i perioden 2004 – 2014, frå nesten 300 000 til 250 000 dekar.  Nesten 50 000 dekar fulldyrka jorda har blitt beitemark eller gått ut av drift.
  • Talet på sau og lam på beite har også gått ned i denne perioden, frå om lag 220 000 til 190 000 dyr.
  • Denne utviklinga fører til attgroing både i utmarka, på heimebeita og av den mest tungdrivne dyrka jorda.

Kva er løysinga?

  • Vi bør prøve ut metodar og sortar som kan auke grovfôrproduksjonen på Vestlandet.
  • Det trengst meir kunnskap om og meir stimuli til betre drift av jorda. Grøfting er sterkt undervurdert som eit godt tiltak for både redusert avrenning, mindre utslepp av klimagassar og betre avlingar.
  • Betre samarbeidsløysingar for å lage felles beitemark på (små) innmarksteigar som er i ferd med å gro att.
  • Støtte til dyr på beite er eit effektivt tiltak.

I det komande arbeidet med forenkling av støtteordningane i jordbruket, må vi ikkje «slå ut jordbruksareala med oppvaskvatnet». Forenkling må balanserast med målretting. Det er naudsynt med differensierte støtteordningar til t.d. bratt areal og beitebruk på inn- og utmark. Jordbrukspolitikken er visstnok vanskeleg, men det er fullt mogleg å styre og stimulere dette slik at vi oppnår målsettinga om eit levande landbruk over heile landet.

Mjølkeproduksjon etter 2024?

Publisert fredag 30. oktober 2015

For mange mjølkeprodusentar har årstalet 2024 vorte eit trugsmål mot vidare drift. Då blir det innført eit generelt krav om at mjølkekyr skal vere i lausdrift og ikkje fastspent på bås. Forskrifta vart vedteken i 2004 med overgangsordningar på 20 til 30 år, alt etter alder på fjøsen.  Dette var bakgrunnen for eit møte på Skei 28. oktober der nesten 200 personar møtte, noko som i seg sjølv syner kor viktig temaet er.

Mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane er svært viktig for både landbruket og leverandør- og foredlingsindustrien. Det har skjedd ei veldig effektivisering av mjølkeproduksjonen siste ti åra, med nesten halvering av tal mjølkebruk, auke frå 12 til 17 kyr i snitt per bruk, og der kyrne i gjennomsnitt mjølkar nesten 1300 kg meir per år. Det totale mjølkevolumet er likevel ganske stabilt på i overkant av 100 millionar kg mjølk per år. I denne perioden har vi også fått mange nye og store fjøsar med gjerne 40 til 50  kyr, lausdrift og mjølkerobot. Men per i dag kjem berre 40 prosent av mjølkevolumet frå lausdriftsfjøsar, og med dagens omleggingstakt kjem vi neppe høgre enn 70 prosent innan 2024.

Det kom fleire innspel på korleis dette kan løysast:

  • Ei dobling av investeringsmidlane til fleire nye lausdriftsfjøsar?
  • Betre finansiering for dei mellomstore mjølkebruka frå 25 kyr og oppover?
  • Satse meir på å auke den lokale grovforproduksjonen slik at fleire kan bygge nytt og større?
  • Endre landbrukspolitikken slik at bruksstorleiken vert betre tilpassa naturforholda?
  • Finne praktiske løysingar slik at også kyrne på bås kan få gå ut og lufte seg mesteparten av året?
  • Utsetje lausdriftskravet for dei minste bruka?

Vi må hugse at lausdriftskravet er grunngjeve med dyrevelferd. Kyrne har langt meir naturleg åtferd i lausdrift enn å stå bundne på bås frå hausten til våren. Dette er viktig for både kyrne, bøndene, styresmaktene og forbrukarane. Prioritet nummer ein må derfor vere at vi prøver å få flest mogeleg av mjølkekyrne over på lausdrift. Her er mange av forslaga frå Skei aktuelle.

Men vi må også finne andre alternativ for dei mange små og mellomstore mjølkebruka enn å enten bygge svært stort eller å stenge fjøsdøra. Ser vi tilbake på utviklinga av teknologi og drift dei siste tiåra, trur eg ikkje vi har sett alle løysingane enno. Luftegardar der dyra får gå ut på dagtid viss dei ynskjer det, kan jo vere ei mellombels løysing? Eller enklare ombyggingar til lausdrift i kombinasjon med manuelle og billegare mjølkestallar?

Her må praktiske bønder, veterinærar og andre fagfolk sjå kva som er mogeleg å få til, innanfor føremålet om god dyrevelferd og respekt for dyr slik det står fremst i dyrevelferdslova.

Bioøkonomi – ikkje berre eit nytt moteord

Publisert tysdag 23. juni 2015

Bioøkonomi har dukka opp som eit moteord innan forsking, næringsutvikling og politikk. Det handlar om berekraftig produksjon basert på fornybare biologiske ressursar, det som veks i vatn, jord og skog – naturleg eller i styrte prosessar. Berekraftig utvikling har trippel botnlinje: både økonomisk overskot, miljø- og klimavenleg produksjon, og positiv sosial utvikling. Hausten 2014 arrangerte Forskingsrådet og Innovasjon Noreg den første store bioøkonomikonferansen her i landet.

Vår vestlege økonomi var naturbasert fram til om lag 1900, deretter oljebasert, og no kjem bioøkonomien etter kvart som vi må fase ut fossil energi dei neste femti åra. Vi skal ikkje gå tilbake til livet før forbrenningsmotoren, men bruke moderne kunnskap og teknikk for å halde oppe vårt moderne samfunn og velstand. 

Det er mange problem som må løysast, men det gir også spennande og nye moglegheiter:

  • Korleis kan enzym industrielt omdanne cellulose og anna uetande biomasse til sukker?
  • Alt som kan lagast av olje, kan også lagast av trefiber, men korleis gjer vi det industrielt?
  • Korleis lage biogass frå biomasse på ein økonomisk forsvarleg måte?
  • Kan datastyrte robotar drive lette landbruksmaskiner på åker og eng?
  • Kan vi lage husdyrfôr av algar og fiskefôr frå trefiber – «sitkalaks»?
  • Arealplanlegging – korleis ta vare på dei produktive areala for produksjon av biomasse?
  • Korleis berekne miljøkostnad som ein del av det økonomiske reknestykket?

Her er mange dilemma. Vi treng fornybar energi for å redusere klimaendringane, men samstundes er prisen på energi forholdsvis låg. Det gir ikkje motivasjon for å utvikle og drifte nye energikjelder. Korleis skal vi då kunne kome skikkeleg i gang med dette grøne hamskiftet?

Ingen har dei endelege svara på desse spørsmåla, men det skjer heldigvis mykje nytenking, og stadig fleire aktørar marker seg . Regjeringa skal lage ein nasjonal bioøkonomistrategi i løpet av 2015. Innovasjon Noreg satsar tungt på Grøn vekst. Universitets- og forskingsmiljøa har kome godt på banen, særleg i miljøet på Ås med Norges miljø- og biovitenskaplege universitet NMBU og det nyoppretta Norsk institutt for bioøkonomi NIBIO.

Kva utfordringar og moglegheiter gir dette for oss her i fylket?

  • For tradisjonelt landbruk som må produsere mat og trefiber med ny kunnskap og teknologi?
  • For oppdrettsnæringa, ei suksesshistorie innan biologisk produksjon, men som må unngå lakselus, ureining og sjukdomar?
  • For dei store skog og utmarksområda som no er i ferd med å gro att?
  • Kan industrimiljøa med lang erfaring i storskala effektiv produksjon, finne nye og framtidsretta produkt innan bioøkonomien?
  • Kan reiselivsnæringa som hovudsakleg er basert på naturopplevingar, bli berekraftig både i teori og praksis?
  • Korleis kan ein ta prinsippa for bioøkonomi inn i planarbeidet?

 Bioøkonomi er ikkje berre eit moteord, det er ein realitet og ei utfordring som har kome for å bli.

Rovdyr og eller sau?

Publisert onsdag 29. oktober 2014

Stortinget har bestemt i Rovviltforliket at vi både skal ha freda rovdyr og beitedyr. Landet er delt inn i ulike soner med definerte yngleområde, prioriterte beiteområde, og nokre område der det skal vere både beitedyr og rovdyr. Dette er ikkje lett. Vestlandet skal vere eit prioritert beiteområde, men rovdyra les ikkje kart og kjem stadig på tokt vestover. I løpet av siste året er det dokumentert DNA frå minst ti ulike jervar i Indre Sogn, i noko som alltid har vore, og framleis skal vere, eit kjerneområde for beitedyr. Det ligg an til at minst 800 sau og lam er tapt på grunn av jerv. I tillegg har vi hatt besøk av ein ulv som har ført til store tap i Naustdal. Endelege oversikter over tapstala kjem kring nyttår.

No er det ikkje berre freda rovdyr som fører til tap av sau og lam på beite, men før vi fekk rovdyra tilbake var normaltapet i dei beste beiteområda på  berre 2-3 prosent. Det spesielle med rovdyrangrep er at dei er svært konsentrerte, ofte hjå nokre få bønder og i stort omfang. Dessutan skjer dei i nokre av dei aller beste fjellbeita i indre delar av fylket.

Det er nasjonale måltal for rovdyr, og sidan dei no ligg over dette nivået, er det opna for lisensjakt på både jerv og ulv. I tillegg gir Fylkesmannen på kort varsel fellingsløyve på skadedyr i beitesesongen. I våre kuperte fjellområde er det svært vanskeleg å jakte på jerv, både på berrmark og om vinteren. Lisensjakta for jerv er frå september til februar, og det skal på papiret vere den viktigaste bestandsregulerande jakta. Men jaktreglane er om lag like strenge som for vanleg storviltjakt, til dømes kan ein ikkje bruke lys eller hjelp frå motoriserte køyrety. Det er lov å bruke fangstboks som fangar dyret levande, men då med tilsyn både morgon og kveld og utan hjelp av snøskuter. Det er heller ikkje lov å bruke viltkamera som tilsyn. Med slike jaktreglar kan ikkje lisensjakta bli effektiv i fjellområda. Det er såleis positivt at klima- og miljøministeren har gitt signal om oppmjuking av regelverket – kan hende som eit prøveprosjekt i Indre Sogn?

Etter nok ein blodig beitesommar i Indre Sogn er spørsmålet kva som skjer før neste vår. Maktar vi å redusere talet på jerv i beiteområda? Kan saueeigarane sleppe dyra på beite nokolunde risikofritt? Eller vil det kome nye store jervangrep slik at Mattilsynet må gjere alvor av trusselen om å pålegge beitenekt og heimsanking?

Desse spørsmåla får vi stadig frå saueeigarane i Indre Sogn. Vi har ikkje gode svar. Men ein ting veit vi; held dette fram vil konflikten auke til skade for alle partar. Løysinga ligg truleg i større avstand mellom prioriterte yngleområde og beiteområde, kombinert med meir effektiv lisensjakt.  

Rovdyrforvaltninga har ikkje råd til å få skulda for at sauebøndene i dei beste beiteområda i Indre Sogn må gje opp, og beitenæringa har ikkje råd til å få skulda for å utslette alle rovdyr.

Sylvi til landbruksfylket Sogn og Fjordane

Publisert måndag 20. januar 2014

Tysdag 21. januar kjem landbruks- og matminister Sylvi Listhaug på besøk til fylket for å få eit inntrykk av landbruksnæringa.

I programmet legg vi vekt på å vise at landbruket her i fylket genererer ein viktig foredlingsindustri. Vi har fire store foredlingsanlegg: Nortura i Førde, Nordfjord Kjøtt i Loen, Tine Meieri på Byrkjelo og Lerum fabrikker i Sogndal. Nortura har også eit foredlingsanlegg i Sogndal og Tine produserer gamalost i Vik, og i tillegg har vi mange små bedrifter som foredlar lokal mat. Vi reknar med at det er 1000 arbeidsplassar i denne industrien.

Sylvi Listhaug kjem til Sogn og Fjordane 21. januar. Foto: Torbjørn Tandberg

Sylvi Listhaug kjem til Sogn og Fjordane 21. januar. Foto: Torbjørn Tandberg

Fylket vårt har over 3000 aktive landbruksføretak. Ut frå effektivitetsnormene utgjer arbeidsmengda om lag 3800 årsverk. Mange av bruka er små og blir drivne på deltid, medan andre er store samdrifter. Det aller meste frå både store og små bruk blir foredla her i fylket.

Både primærproduksjonen og foredlingsindustrien har effektivisert kraftig dei siste 10 åra. Talet på gardsbruk i drift er redusert med ein tredjedel, medan produksjonen held seg meir stabil. Bruka har blitt færre og større. Over 20 % av mjølkeproduksjonen skjer i mjølkerobot. Dei siste 10 åra har bøndene investert 1 milliard kroner i nye fjøsar. Middels mjølkemengde auka frå ca 6000 til over 7000 kg per ku, og heilt opp i 10000 kg i dei beste besetningane.

Meieriet på Byrkjelo foredlar over 120 millionar kg mjølk og får leveranse frå heile fylket og store deler av Sunnmøre og Ottadalen. Nortura i Førde slaktar mesteparten av husdyra frå Moldefjorden i nord til Bergen i sør. Ein god del av dette blir foredla vidare av Nordfjord Kjøtt som også får slakt frå fleire andre slakteri i Sør-Norge. Dei har ei omsetning på imponerande to milliardar kroner og er ei av dei desidert beste foredlingsbedriftene i landet.

Frukt- og bærnæringa i fylket har satsa sterkt siste åra, særleg på «nye» kulturar, og leverer til dømes 75 % av bringebæra og nesten halvparten av morellane i Norge. Satsinga skjer i samarbeid med Lerum som gjerne vil ha meir lokale produkt. Det var nok ikkje berre eg som måtte leite fånyttes i butikken etter norske eple til jul. Det er trong for meir norsk frukt.

Regjeringas har ambisiøse mål for landbrukspolitikken i si plattform:

-          Levedyktig landbruk ved å styrke verdiskapinga og auke lønsemda

-          Landbruk er viktig for matproduksjon, busetnad og kulturlandskap

-          Hovudoppgåva er å levere trygg kvalitetsmat og ein kostnadseffektiv matproduksjon

-          Regjeringa vil forenkle lover, reglar og støtteordningar

-          Skognæringa har stort potensiale for verdiskaping

Vi har ei levande landbruksnæring som produserer kvalitetsmat både i volum og i form av spesialitetar, og ei regjering med klare ambisjonar for landbruket. Mykje ligg til rette for at dei kan finne kvarandre.

Handelshuset på prærien?

Publisert torsdag 30. mai 2013

Førde er handelssenteret i fylket med ei detaljomsetning pr innbyggjar som ligg på topp i landet, både fordi nabokommunane ligg tilsvarande lågt og fordi bygdebyen har eit svært variert tilbod samanlikna med andre småbyar og resten av fylket.

No blir det presentert planar for ei nytt stort handelsenter på jordbruksflatene utanfor Førde. 152 dekar til nye handelshus, det vil sei tilsvarande 30 fotballbaner eller 150 villatomter, eller også nok til å produsere over 600 rundballar silo eller kanskje 500 000 kg poteter per år. Det er vanskeleg for oss å hugse på at mat er ei mangelvare i verda. Under 3 % av arealet i Norge er fulldyrka jord, og slikt areal har derfor eit sterkt lovfesta vern i § 9 i jordlova. Areal som det kan produserast mat på, skal vi ikkje bruke til andre føremål enn jordbruksproduksjon med mindre vi etter ei grundig vurdering finn ut at jordvernet må vike.

Slik omdisponering skjer hovudsakleg gjennom ein grundig planprosess, noko det også er lagt opp til i Førde som no skal revidere arealplanen. Det er svært bra at spørsmålet blir behandla i kommuneplanen og ikkje berre i avisa Firda. For saka er på ingen måte avgjort. Her ligg nokre viktige kontrollspørsmål som må vurderast, både for jordbruksinteressene og andre samfunnsinteresser:

  • Korleis skal Førde sentrum utvikle seg dei nærmaste 10 – 20 åra viss folketalet skal doblast? Kvar skal ein ha bustadområda, handelsområda, næringsareala, landbruksareala, friluftsareala? Kort sagt: korleis ynskjer ein at Førde skal sjå ut om 20 år?
  • Kva konsekvensar får det for Førde sentrum å utvide handelsområdet på Brulandsvellene som ligg nærmare to km unna dei andre store handelshusa i sentrum? Kva konsekvensar vil dette ha for trafikk, miljø, trivsel og dagleglivet til folket i Førde?
  • Finst det ikkje andre alternativ for å utvikle handelsnæringa innanfor det som i dag er Førde sentrum?
  • Er arealutnyttinga god nok? Kvifor kan ikkje bilane parkerast i kjellaren og på taket slik som for dagens handelshus i sentrum? Kan handelsarealet vere i fleire høgder, eller må alt liggje på gateplan?
  • Er dette ei samfunnsutvikling som er så sterk at alle andre interesser må vike?
  • Det kan finnast gode nok grunnar for å byggje ned jordbruksareal, og Førde som er ein viktig motor for utviklinga i fylket, treng kanskje meir areal. Men verdifullt areal må alle økonomisere med, og dess meir verdifull jorda er dess betre arealutnytting. Det er på ingen måte enkel plankekøyring å omdisponere så mykje dyrka jord. Dette handlar ikkje berre om morgondagens mat, men også om korleis vi vil at bygdebyen Førde skal sjå ut når han blir by.

    Landbruksåret som gjekk

    Publisert onsdag 13. mars 2013

    Fjoråret er ikkje avslutta før det er rapportert om kva som er gjort og ikkje gjort, og om utviklingstrekka i fylket. Årsrapporten til Fylkesmannen er ei fagleg sjølvmelding til direktorat og departement.

    På landbruksområdet utgjer denne rapporten om lag ti sider, tettskrive tekst med nokre tabellar, og heilt fri for foto og illustrasjonar. Eg veit han blir lesen av oppdragsgjevarane våre. Rapporten blir også lagt ut på nettsida vår for media og ålmenta, men eg lurer likevel på om dette blir for spesielt interesserte. Eller som ein kollega formulerte det; årsrapporten vår er ikkje anbefalt kveldslitteratur.

    Her er ein kortversjon av landbruksåret som gjekk:

  • Tal gardsbruk og jordbruksareal i aktiv drift minkar framleis, til om lag 3 100 gardsbruk i drift på 435 000 dekar. Det siste er ein nedgang på 9 000 dekar, i eit langsiktig perspektiv er dette det mest urovekkande.
  • Produksjonen av mjølk auka med fem prosent i 2012, imponerande etter fleire år med nedgang. Volumet er styrt av mjølkekvoter, men det er eit godt teikn at mjølkebøndene er sopass på hogget at dei kunne auke produksjonen då behovet kom.
  • Produksjonen av kjøt går nedover, både på storfe og sau. Det siste bør det vere mogeleg å gjere noko med i eit fylke som har gode beite- og husdyrtradisjonar.
  • Vi har reduksjon av eple- og pæreproduksjonen og auke innan morellar og kirsebær. Fylket er stort på morellar og desidert størst på bringebær. Volumet og verdien av desse produkta har auka kraftig. Flott!
  • Bøndene investerer for framtida, 139 mill kroner til 57 driftsbygningar.
  • Skogbruket vart prega av orkanen Dagmar i desember 2011. Truleg vart over 400 000 kubikkmeter skog vindfelt og avbrote. Likevel utgjer dette berre tilveksten i skogen i eitt år. Det kom også noko positivt ut av denne orkanen; auka interesse for skogbruk og kraftig auke i hogsten. Måtte det berre vare!
  • Eit nasjonalt overvakingsprogram for kulturlandskap viser at fleire viktige element i landskapet har blitt meir synlege. Attgroinga tvingar seg fram overalt, men vi er altså flinkare til å ta vare på dei verdfulle områda.
  • Nedbygginga av dyrka jord er redusert siste åra. Fleire kommunar har gamle og dårlege arealplanar, men når planarbeidet kjem i gang finn vi som regel forsvarlege løysingar for både utbyggingsareal og jordvern.
  • Vel, kva fortel dette?
    Landbruket her i fylket er i kontinuerleg endring. Noko går godt og noko går mindre godt. Bøndene og landbruksnæringa fortener honnør for innsatsen sin. Vi treng nok, variert, trygg og god mat, og det kan ikkje overlatast til kven som helst!

    Føregangsfylket for økologisk frukt og bær

    Publisert torsdag 4. oktober 2012

    Økologisk mat er kort fortalt produsert utan bruk av kunstgjødsel, kjemiske plantevernmiddel og med vekt på å nytte lokale ressursar og ei mest mogeleg miljøvennleg drift. Det finst ulike retningar, frå eit økolandbruk basert på god miljøvenleg agronomi og til biodynamisk landbruk. Det siste er ein kombinasjon av agronomi og antroposofi basert på tankane til Rudolf Steiner om menneske, naturen og kosmos. Det finst relativt få biodynamiske gardsbruk i landet, men dei har vore synlege og kanskje også bidrege til unødvendig mystifisering av økologisk landbruk.    

    Sogn og Fjordane og Hordaland har ein felles handlingsplan for økologisk matproduksjon og vi er føregangsfylke for økologisk frukt og bær. Vi har også prøvd å fremje økologisk lam, utan at det har fått fullt gjennomslag i marknaden. Forbrukaren ser kanskje ikkje skilnaden på eit vanleg lam og eit økolam når begge går på naturlege fjellbeite mesteparten av livet. Men det er heldigvis aukande etterspørsel etter økologisk frukt og bær, både til konsum, saft, jus og syltetøy. I år blir det produsert om lag 100 tonn økologisk frukt og bær her i fylket, men dette kan aukast sidan over 90 prosent av økologisk frukt og bær blir importert.

    Økologisk fruktproduksjon er fagleg krevjande, det er ikkje nok med idealisme. Når bonden ikkje kan bruke kunstige hjelpemiddel som mineralgjødsel og kjemiske plantevernmiddel, må ho eller han ha god kunnskap og erfaring. Den ideelle økodyrkaren er kanskje ein person med erfaring frå vanleg fruktproduksjon og som ynskjer å legge om til økofrukt, enten fordi det er meir miljøvenleg, eller motivert av at der finst ei nisje som kan gje minst like godt økonomisk resultat. Det er avgjerande for økonomien at det er godt samarbeid og planlegging langs heile verdikjeda, frå fruktbonden, via fruktmottaket og til distributør og butikk. All denne frukta kan ikkje omsetjast direkte frå bonden til forbrukar. Det er dessutan svært viktig at det også er mogeleg å få selt frukt som ikkje blir «fine nok» til konsum. Her fortener til dømes Balholm ros for å ha skapt ein god marknad for økologisk fruktmost. 

    Kunnskap er svært viktig, og i vårt fylke er det stort sett same fagfolka som gir råd til både vanleg fruktproduksjon og til økologisk. Dette gir viktig kunnskapsoverføring mellom desse dyrkingsmåtane. Økobonden får kunnskap om gjødslingsbehov og stell av plantane, og kunnskapen om korleis ein kan redusere bruken av plantevernmiddel er delvis henta frå økologisk landbruk.

    Har du lyst på økologisk mat? Spør etter desse varene i butikken din.

    God appetitt!

    Spons ein fjordhest

    Publisert tysdag 6. mars 2012

    NRK melde nyleg at fjordhesten er på lista over norske husdyrrasar som i følgje Norsk genressurssenter er trua. I denne samanheng er det ei mager trøyst at han ikkje er åleine, men saman med til dømes dølahest, vestlandsk fjordfe, vestlands raudkolle og kystgeit. Alle desse har opphav i eller finst spesielt her i fylket. Vi har dei siste åra støtta desse rasane med pengar frå regionalt miljøprogram, men i lengda er dette truleg ikkje nok.

    Det er for lengst historie at fjordhesten var den viktigaste trekkrafta på gardsbruk, og oppsvinget og interessa på 1980- og 90 talet som populær fritidshest og turistsjarmør er no avløyst av ein bølgjedal.  Det er no berre om lag 5000 fjordhestar her i landet og det blir berre fødd 200 føl pr år, ei halvering på 15 år. Fjordhesten har no sine sterkaste tilhengjarar i mange andre land, og tel på verdsbasis rundt 70 000 dyr. Vi har altså outsourca fjordhesten til utlandet, til liks med mangt anna vi ikkje lenger finn lønsamt her i landet. No er det faktisk entusiastane i England, Nederland og USA som sikrar det genetiske mangfaldet til denne norske urhesten.

    Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid gjer ein viktig jobb for å ta vare på interessa og avlsarbeidet på fjordhesten. Dei tilbyr ei rekkje kurs i bruk av fjordhesten og organiserer interessa gjennom Norges Fjordhestlag. Her er kurs i dressur, riding, køyring, fjellturar og stell av hesten i stall og krybbe. Kunnskapen finst, organisasjonen finst, men den generelle interessa for fjordhest er altså ikkje høg nok.

    Kva er svaret på denne utfordringa?
    Eg har dessverre ikkje svaret. Men eg veit at vi kan ikkje akseptere at fjordhesten skal forsvinne frå fjordfylket. Dette flotte dyret må vise att andre stadar enn i kommunevåpenet til Gloppen og Eid.

    Regjeringa har nettopp lagt fram ei ny melding til Stortinget om landbruk, og sterkare satsing på næringsutvikling i bygdene er eit svært sentralt tema. Kunnskap, kultur, tradisjon og lokale ressursar kombinert med innovasjon skal vere med på å skape nye arbeidsplassar som erstatning for dei som forsvinn. Her ligg kanskje også ei ny framtid og aukande interesse for fjordhesten? Nye bruksmåtar, nye typar hesteeigarar, nye måtar å eige ein hest på, og ikkje minst; nye måtar å tene pengar på fjordhesten?

    Har du gode forslag, vil det vere ein framifrå måte å sponse fjordhesten på!