Bodhild Therese Cirotzki
Innlegg av Bodhild Therese Cirotzki
Bodhild er utdanna førskulelærar, og har arbeidd innan barnehageområdet sidan 1997. Ho har tidlegare jobba som pedagogisk leiar og styrar i ulike barnehagar, og har også erfaring som barnehagekonsulent i kommunal sektor. E-post, Heimeside

Til beste for barn og unge i trivselsfylket

Publisert måndag 14. mars 2016

Sogn og Fjordane gjer det godt på mange statistikkar, men vi kan bli betre. Barn som trivst i barndommen har det betre som vaksne, og fungerer betre i samfunnet. Korleis kan vi inkludere barn og unge som står utanfor?

Med gode skuleresultat, både fagleg og for læringsmiljø, ønskjer vi at Sogn og Fjordane skal vere det beste læringsfylket. Men korleis er eigentleg kvardagen for barn og unge i fylket vårt?

Barneføter.

Sogn og Fjordane gjer det godt på mange statistikkar, men vi kan bli betre. Barn som trivst i barndommen har det betre som vaksne, og fungerer betre i samfunnet. Korleis kan vi inkludere barn og unge som står utanfor?
Med gode skuleresultat, både fagleg og for læringsmiljø, ønskjer vi at Sogn og Fjordane skal vere det beste læringsfylket. Men korleis er eigentleg kvardagen for barn og unge i fylket vårt?

Vi høyrer dagleg om tenestetilbod som ikkje fungerer til beste for barn og unge. I tillegg hartalet på mindreårige asylsøkarar auka dramatisk og kommunane har utfordringar med å kunne gi desse eit godt tenestetilbod innafor psykisk helse og opplæring. Vennskap og evne til samhandling er viktig uansett kvar barn og unge kjem frå. Mindreårige asylsøkarar og flyktningar har dei same behova som barn flest, og dei har andre utfordringar. Greier vi å legge til rette og gi gode tilbod for alle barn i fylket, kan vi også i framtida kalle oss for trivselsfylke.

Trivsel handlar om at alle skal høyre til og vere ein del av eit fellesskap, også på fritida. Dei frivillige er sentrale i å skape trivsel etter skuletid, men det er kommunane som må ta ansvaret for heilskapen i tilbodet til barn og unge.

Vi veit at trivsel er grunnleggjande for utvikling og læring. Vi ønskjer at alle barn skal fullføre vidaregåande utdanning og då er tidleg innsats avgjerande. Trivsel handlar om:

  • god barndom og ungdomstid
  • god helse og utdanning
  • ressurspersonar som greier å ivareta og legge til rette

Fylkesmannen har sidan 2012 arbeidd særskilt for at tverrfaglege tenestetilbod til barn og unge skal bli best mogeleg. Med bakgrunn i FNs barnekonvensjon har vi jobba for at omsynet til beste for barn skal kome i første rekke og ligge til grunn i alle tiltak som gjeld barn.

Barnekonvensjonen hjelper oss til å tenke tverrfagleg samarbeid for alle barn i kvar kommune i heile fylket. Vi har starta eit læringsnettverk retta mot arbeid med utsette barn og unge, som vi no vil bruke i arbeid med mindreårige asylsøkarar og flyktningar. Vi vil at kommunane skal bli betre på samhandling i helse- og  sosiale tenester og opplæring. Målet er å skape gode oppvekstvilkår i barnehage og skule, og gi helse- og sosialtenester som kan identifisere og gi rett tilbod ut frå behova.

Sjumilsstegkonferansen 16. og 17. mars set dette på dagsordenen. Med tverrfagleg deltaking frå kommunane og frivillige lag og organisasjonar vil vi vere eit steg nærare målet om eit trivselsfylke som er til beste for barn og unge.

Framtidas barnehage utan onklar og tanter

Publisert måndag 1. september 2014

«Gå og spør ei av tantene, du».  Vi skriv 2014 og  90 % av alle barn i Noreg går i barnehage, men vi har enno ikkje greidd å bli kvitt oppfatninga om at dei som jobbar der er onklar og tanter.

Dei fleste har onklar og tanter. Dette er personar vi har eit slektskapsforhold til og ofte nære relasjonar til, men svært få av dei jobbar i barnehagen.

Barnehagen legg til rette for læring av grunnleggande ferdigheiter som å forholde seg til andre, knyte kontakt og få venner. Barn lærer å bli sjølvstendige, uttrykke seg språkleg, forstå tal og mengde og å sjå heilskapen i naturen og miljøet rundt seg. Barnehagelova stiller krav til det pedagogiske innhaldet i barnehagen. Alle barnehagetilsette skal ha kunnskap om barn si utvikling og legge til rette for at barn og foreldre får den oppfølginga dei treng. Dette krev tilsette med barnehagefagleg utdanning.

Staten arbeider for å heve kvaliteten på barnehagetilbodet til det beste for barnet. Kompetanse for framtidas barnehage, strategi for kompetanse og rekruttering 2014- 2020  handlar om å rekruttere og behalde tilsette med barnehagefagleg og barnefagleg kompetanse. Kompetent personale er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet og ein god start i livet for barna.

Vi veit at det i framtida vil vere eit aukande behov for barnehageplassar og personale med rett utdanning og kompetanse. Heva status for yrket og eit  godt omdøme er avgjerande og viktig for å få fleire gutar og jenter til å velje barnehagen som arbeidsplass. Fleirtalet av dei som arbeider i barnehagen er kvinner. Regjeringa har som mål å få 20 prosent mannlege tilsette. Sogn og Fjordane ligg på 8,9 prosent, som er under landsgjennomsnittet.

Med prosjektet «gutar som leikeressurs» har Fylkesmannen som langsiktig mål å auke talet mannlege tilsette. Gjennom prosjektet får gutane jobbe i barnehage etter skuletid og i feriar. Gutane får rettleiing av ein tilsett som skal bidra til at gutane får innblikk i kva det vil seie å jobbe i barnehage.  Det har vore stor interesse for prosjektet, og i 2014 er det delt ut 230 000 kroner til 15 barnehagar i kommunane Årdal, Sogndal, Jølster, Eid, Fjaler, Solund og Selje.

Skal vi få fleire til å utdanne seg for arbeid i barnehagen, kan det første enkle skrittet vere å slutte å omtale dei tilsette som «barnehageonklar» og «barnehagetanter». Vi trur nemleg det er få som tenkjer at dei treng utdanning for å vere det.

Fylkesmannen tek Sjumilssteget – til beste for barn og unge i Sogn og Fjordane

Publisert tysdag 29. mai 2012

Media fortel historier om barn og unge som ikkje får det tilbodet dei har rett på. Det kan vere retten til god omsorg, fullverdig helsehjelp eller tilhøve i barnehage og skule som ikkje er tilrettelagt godt nok. Korleis er det for barn og unge å vekse opp i trivselsfylket Sogn og Fjordane?

Sjumilssteget er eit prosjekt som hjelper kommunane å setje søkjelys på oppvekstvilkåra for barn og unge. Det er eit felles løft for å gjennomføre FNs barnekonvensjon ute i kommunane, og gir kommunane handlingskompetanse og metodar for skape eit meir barnevennleg lokalsamfunn. FNs barnekonvensjon legg føringar for det lokale arbeidet med barn og unge, og vart vedteken av FNs generalforsamling 20.11.1989. Barnekonvensjonen er ratifisert av nesten alle land i verda og inneber at nasjonale styresmakter må følgje dei ulike artiklane i konvensjonen. Barnekonvensjonen er også førande for kommunal verksemd. Konvensjonen er utforma utan omsyn til korleis kvart enkelt land eller lokale styresmakter vel å organisere sine tenestetilbod, og inneber difor ei plikt til å tilpasse lovgiving og praksis i samsvar med konvensjonen. Kommunane må sørgje for at rettar som må løysast i fellesskap mellom ulike kommunale tenester til barnas beste, blir organisert slik at samarbeidet fungerer.

Dei fleste barn klarer seg godt med den omsorga dei får heime. Det er likevel mange barn som har behov ut over dette og som ikkje får gode nok tilbod frå enkelttenester, eller som ikkje får tenester som er samordna på en slik måte at det heilskaplege behovet hjå barna blir dekte.

På lik line med resten av landet viser ulike forskingsrapportar at trivselsfylket Sogn og Fjordane og har utfordringar med å ivareta barn og unge. Erfaringa er at fleire kommunale tenester i liten grad melder frå om barn som har det vanskeleg. Barnehagane, skulane og delar av helsetenesta er blant dei tenestene som sjeldan melder til barnevernet. Mangel på slike meldingar kan føre til at nødvendig hjelp kjem så seint at det ikkje lenger er nok med enkle hjelpetiltak kring barnet.

Etter innføring av retten til barnehageplass i 2009 har 91,9 % av barna i alderen 1 til 5 år barnehageplass i Sogn og Fjordane. Dette legg til rette for å kunne gi barn eit godt tilrettelagt tilbod. Fleire barn og foreldre som treng hjelp, kan få det. Forsking viser at tidleg kartlegging og tiltak i barnehagen og skulen, vil ha stor innverknad for sjansen til å lukkast seinare i livet.

Gode oppvekstkår, å førebygge problem og sikre god helse hjå barn er eit av dei viktigaste ansvarsområda til samfunnet. Difor er det eit overordna mål for Fylkesmannen at kommunane skal kunne auke si evne til å sikre at barn deltek i samfunnsutviklinga og at kvart barn og kvar familie får nødvendige og tilstrekkelege tilbod frå dei ulike tenestene i kommunen.