Truls Hansen Folkestad
Innlegg av Truls Hansen Folkestad
Truls er rådgjevar for kulturlandskap og miljø i landbruket hjå Fylkesmannen. Han er utdanna naturforvaltar og har tidlegare jobba i tre ulike kommunar med arealplanlegging, miljø og landbruk. E-post, Heimeside

Levande landskap på Vestlandet

Publisert onsdag 25. april 2012

Førre søndag fekk vi servert første episode i NRK sin nye dokumentar-serie Levende landskap. Programmet bør vere ein vekkar for alle som trivst best i opne landskap, med utsikt kring hus og hytte og med turområde utan flåttplage og meterhøge bregnar på stien. Kanskje er din barndoms dal framleis grøn, men ikkje like oversiktleg som før?

Gjennom dei glimrande tilbakeblikk-bileta frå landskapsgeograf Oskar Puschmann, fekk vi illustrert kor raskt det opne kulturlandskapet forsvinn dersom vegetasjonen får vekse i fred for beitedyr og skjøtsel. Vi fekk også sjå nokre av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Sogn og Fjordane var svært synleg med innslag frå Stadlandet, Leikanger og Luster. Der fekk vi møte stolte bønder, ivrige forskarar og engasjerte byråkratar som var samde om at det er både viktig og mogleg å ta vare på slike landskap.

Programmet framheva nokre viktige trekk ved kulturlandskapsforvaltninga i dag. Det er allereie for få bønder og beitedyr til å halde all vegetasjon i sjakk. Og den vidare utviklinga i jordbruket, særleg på Vestlandet, vil difor ha stor innverknad på korleis landskapet rundt oss vil bli i framtida. Samstundes må vi nok innsjå at vi ikkje klarar ta vare på alt slik det ein gong var, slik Janne Sollie, direktør i Direktoratet for naturforvaltning var inne på i programmet. Det gamle kulturlandskapet i Noreg vart skapt i ein periode der store delar av befolkninga var sysselsett i jordbruket og måtte hauste marginale ressursar for å overleve. I dag er det verken  praktisk eller økonomisk mogleg  å oppretthalde eit slikt aktivitetsnivå. No handlar det meir om å prøve å ta vare på det mest verdifulle og spesielle for framtida.

Prosjektet Utvalgte kulturlandskap i jordbruket er eit døme på korleis innsatsen og verkemidlane i den nasjonale landbruks- og miljøforvaltninga vert spissa mot nokre utvalde satsingsområde. Like viktig er det at det på lokalt plan må gjerast ei prioritering av dei viktigaste kulturlandskapstiltaka. Og i år er det spesielt viktig at det lokale engasjementet kjem til uttrykk. I løpet av 2012 skal Fylkesmannen og bøndene sine faglag utforme Regionalt miljøprogram for jordbruket (RMP) for 2013-2016, der tilskotsordningane først og fremst skal bidra til at bøndene tek vare på det opne og særprega kulturlandskapet i fylket. I år skal også kommunane lage seg ein ny strategi for prioritering av tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) for 2013-2016. Midlane går i stor grad til rydding og gjenopning av gamal kulturmark og restaurering av bygningar og andre kulturminne i jordbruket. Arbeidet med utforming av tilskotsordningane vil vere opne prosessar der alle med engasjement for kulturlandskapet kan gje innspel til sin kommune om kva tiltak som bør prioriterast.

Kva kan ikkje lokale lag og organisasjonar få til i lag med bøndene og kommunen? Gå saman og prioriter!