Berit Inger Rygg
Innlegg av Berit Inger Rygg
Berit er utdanna førskulelærar og har arbeidd på barnehageområdet sidan 1979, både i barnehagen og på kommunenivå. Ho har lang fartstid som tillitsvald og fylkesleiar for førskulelærarane, og jobbar no som rådgjevar på Utdanningsavdelinga med barnehage som arbeidsområde. E-post, Heimeside

Likestilling i barnehagen – tull eller viktig for jenter og gutar sitt yrkesval?

Publisert måndag 16. april 2012

«Norge har i dag den same kjønnsdelte arbeidsmarknaden som vi hadde for 20 år sidan.”

Nyhenda på radioen tidleg ein måndagsmorgon er nedslåande. Ei nyhende er det vel eigentleg ikkje – berre ei påminning om  at det står heller dårleg til med likestillinga i samfunnet vårt. Mange trur diverre at likestillingskampen vart gjort på 60 og 70 – talet , så den treng vi ikkje ta opp att.

Eg trur temaet er brennaktuelt, og debatten om bleieskift i barnehagen, har styrkt trua mi på at her må det setjast inn eit skikkeleg krafttak. Barnehage og skule må setje søkjelys på korleis dei pregar kjønnsrollene.

Barnehagen skal oppmuntre jenter og gutar til å delta i fellesskap i alle aktivitetane i barnehagen. Det skal leggast til rette for eit læringsmiljø som fremjar likestilling mellom jenter og gutar.

Men korleis er praksis?

Evaluering som er gjort, syner at likestilling og likeverd i barnehagen er eit nedprioritert området, det er lite synleg både i plan og praksis i barnehagane over heile landet.  Det er ingen grunn til å tru at barnehagane i Sogn og Fjordane er over landsgjennomsnittet.

Grunnane kan vere så mange, men hovudgrunnen er truleg at barnehagetilsette trur at likestilling er integrert i det daglege arbeidet. Eit interessant funn er at styrars alder ser ut til å ha positiv verknad på å synleggjere likestilling mellom kjønna. Dess eldre styraren er, dess oftare ser vi at likestilling er  nedfelt i planane, og tema både i formelle og uformelle møte. Min påstand er at tilsette sine haldningar, syn og forventningar til jenter og gutar er med på å støtte opp under eit tradisjonelt kjønnsrollemønster. God hjelp får dei òg av marknadskreftene. Lyseblått og rosa møter oss alt på fødeavdelinga, og held fram i  butikkane og i alt reklamemateriell.  Det nye er rosa lego for jenter.

«Eg kan leike med det, men eg kan ikkje eige det» Utsegna kjem frå ein gut på 5 år som sit i lag med ei jente og ser i ein leikekatalog .Også her er det tydleg skilje mellom kva som er guteleiker og kva som er jenteleiker.

Kva seier dette oss?  Jau, at barnehagen og samfunnet set grenser for kva jenter og gutar kan gjere og korleis dei skal vere.

Er det slik vi ynskjer det? Svaret mitt er nei.

Skal vi få til ei endring må vi ta tak i haldningane våre. I barnehagane må arbeidet starte hjå dei tilsette. Barnehagetilsette må løfte fram og snakke om haldningane, handlingane og omgrepa dei nyttar og spørje seg om desse hindrar eller fremjar likestilling og likeverd. Draumen må vere at vi om 15- 20 år ser frukter av likestillingsarbeidet i barnehagane, og at gutar og jenter har gjort meir utradisjonelle yrkesval.

Så likestillingsarbeid i barnehagen er slett ikkje noko TULL!