Torkel Hofseth
Innlegg av Torkel Hofseth
Torkel er fylkesskogmeister i Sogn og Fjordane. Han er cand. agric med skogbrukets driftteknikk som hovudfag, og har tidlegare arbeidd som bedriftsleiar og som lagleiar i SAS. E-post, Heimeside

Norges minste

Publisert tysdag 20. mars 2012

Når det gjeld aktivitet i skogen, målt i tal kubikkmeter hogd, er Sogn og Fjordane aller minst i landet. Vi er altså ikkje berre eit lite skogfylke, men det minste skogfylket. Når det gjeld produktivt skogareal er vi ikkje like små, der er vi blant dei 8 minste.

Fleire av fylka med om lag same produksjonspotensial som oss, har mykje større skogareal. Saman med nabofylket i sør har vi faktisk suverent høgast produksjonsevne per daa skogsmark i heile Norge. Når det gjeld skogsmarkas evne til å produsere kubikkmeter per år, er vi altså på topp i landet!

Tenk deg at i Førde sit barnebarnet til ein skogeigar som planta 50 dekar med gran for 70 år sidan.  Når ho høgg dei 3535 kubikkmetrane som skogen har produsert, sit ho igjen med 459 550 kroner. For samanlikningas skuld har eg  tenkt  at  skogeigarbarnebarnet også hadde ei bestemor i Grue (det er forresten Norges nest største skogkommune). Bestemora her planta også 50 dekar gran. Her kan barnebarnet innkassere 100 kr meir per kubikkmeter tømmer, fordi terrenget var så lettdrive. Valet om å hogge ville vere relativt enkelt. Men  – då barnebarnet fekk oppgjer for tømmeret  i Hedmark, fann ho ut at totalen der vart vesentleg lågare enn det ho fekk i Sogn og Fjordane, faktisk berre kr 257 600. Dette skuldast eine og aleine skilnaden i den naturgjevne produksjonsevna i dei to fylka, og det trass i at hogstkostnadane i Sogn og Fjordane var mykje høgare.

Eg har slått opp på Statistisk Sentralbyrås heimeside. Av nasjonalrekneskapen finn eg ut at verdiskapinga, det er forresten det same som bruttoproduktet, i skogsektoren er 1454 kr pr kubikkmeter hogd tømmer. Eg vel å kalle dette samfunnsnytta. Samfunnsnytta av at skogeigarbarnebarnet hogg dei 50 dekarane i Førde er difor kr 5 139 890.

No er det slik at treslaga utnytter jordas naturlege produksjonsevne veldig forskjellig. Hjå ein og same skogeigar her i fylket vil furu produsere 23 kubikkmeter pr daa på 70 år. Bjørk og or, som er dei vanlegaste lauvtreslaga, vil produsere det same. Grana vil produsere 70 kubikkmeter på 70 år. Det er fordi ho nytter den naturgjevne produksjonsevna mykje meir optimalt enn dei andre treslaga. Og dette er faktisk heile bakgrunnen til at det er drive omfattande plantingar av gran på Vestlandet.

Med litt hovudrekning reknar eg ut at samfunnsnytta, målt i skogproduksjon,  av å plante til eit dekar skogsmark i Sogn og Fjordane ligg litt i overkant av kr 100 000. Det er difor lett å forstå kvifor staten syns det er smart å gje tilskot til skogsvegar, skogkultur og skogsdrift. Sjølv om verdien for skogeigaren berre er omtrent ein tidel av dette, er avkastinga likevel god.

Mange er kritiske til gran på Vestlandet. Grana passar kanskje heller ikkje inn i alle område der naturvern og naturgjeve biologisk mangfald må prioriterast. Men der det er høve til å plante gran, er det for meg vanskeleg å forstå at det ikkje er positivt å utnytte markas produksjonsevne. Mange fleire av skogeigarane i fylket kunne ha planta til 100 dekar av skogen sin og sikra barneborna sine ei inntekt på nesten ein million kroner. Kvifor i all verda gjer dei ikkje det?