Tore Sønnesyn
Innlegg av Tore Sønnesyn
Tore er rådgjevar innan beredskap og samfunnstryggleik. Han er utdanna frå Politihøgskulen, og har tidlegare jobba ved fleire politidistrikt. E-post, Heimeside

«Dagmar» – ikkje berre ei plage

Publisert måndag 12. mars 2012

Saman med Helsedirektoratet laga vi i november i fjor til ei øving der Fylkesmannen, kommunane og Helse Førde trente på å handtere ekstremvêr. Scenarioet hadde vi med vilje lagt opp litt i overkant av kva vi trudde var reelt. Nokre av deltakarane kommenterte i ettertid at øvinga ikkje vart heilt realistisk, og at så mange hendingar aldri kunne komme på same tid i fylket vårt.

Nokre få veker seinare kom «Dagmar». Ikkje berre vart det nesten skummelt likt det vi øvde på, men uvêret fekk enda større konsekvensar enn det vi la opp til under øvinga i Loen.

Det har no gått over to månadar sidan «Dagmar» var på besøk, og dei fleste av oss har fått ho litt på avstand. Herjingane i romjula sette likevel djupe spor; både i innbyggjarane og i oss som skal planleggje beredskapen i fylket. Det positive med slike hendingar er at vi får auka merksemd på beredskap. Frå fleire av kommunane har vi høyrt utsegn som at «vi trudde ikkje at vi kunne bli utan straum så lenge», «vi trudde ikkje at telenettet var så avhengig av straum», «vi må endre planverket vårt» og «vi må sikre oss sjølve betre».

Kommunane sitt ansvar for beredskapsplanlegging er slått tydelegare fast i ei lov som vart gjort gjeldande frå 1. januar 2010. Lova fekk ei forskrift i fjor haust, og no er rettleiaren komen. Han skal vere med og hjelpe kommunane til å forstå dei nye lovkrava, og å setje dei ut i livet.

Alt no ser vi at mange kommunar har starta ein prosess med å lage heilskaplege analysar av risiko og sårbarheit (ROS-analysar), fornye beredskapsplanane, og å lage eigne øvingar for å bli betre på handtere kriser. Dette skjer ikkje berre på grunn av dei nye lovkrava, men òg fordi kommunane sjølve ser kor viktig det er å vere førebudde. Alt arbeidet som no blir lagt ned, vil gjere sitt til at fylket står sterkare neste gong vi kjem opp i ekstraordinære situasjonar, anten det er ekstremvêr eller andre hendingar som råkar oss.

Denne veka samlar vi kommunane på Skei for å diskutere ulike beredskapstema. Den første dagen blir det to hovudtema; radon/stråling og kraftforsyningsberedskapen i fylket. Den andre dagen vil for det meste gå med til å snakke om beredskapsplanar og ROS-analysar. Målet er at vi, saman med kommunane og andre beredskapsaktørar, skal løfte beredskapen i fylket til eit enda høgre nivå.