Eitt born som vert mobba er eitt for mykje

Av utdanningsdirektør Grethe Hovde Parr, Publisert fredag 6. september 2013

Denne veka har vi snakka mykje om eit svært viktig tema. Utdanningsdirektoratet og Manifest mot mobbing har lansert denne veka som kampanjeveke mot mobbing. Kvar dag har vi difor løfta problematikken rundt mobbing via vår side på Facebook. Vi har twitra og skrive nyheitssak på nettsida vår. Og no skriv vi altså dette blogginnlegget. Dette gjer vi fordi det er ei av våre viktige oppgåver her ved Fylkesmannens barnehage- og utdanningsavdeling, og fordi eitt born som vert mobba er eitt for mykje.

Paragraf 9A i opplæringslova vert kalla elevane si arbeidsmiljølov. Born har rett til eit godt arbeidsmiljø, og dei har rett til å føla seg trygge på skule og i barnehage. For å oppnå dette er det viktig at alle gode krefter er i sving. Om vi vaksne samarbeidar godt kan vi gjera kvardagen betre for mange born. Det er også dette som er bodskapen til Manifest mot mobbing denne veka; ”vaksne skaper venskap – saman”.

Fylkesmannen si største oppgåve i arbeidet mot mobbing er å følgje opp kommunane som skuleeigarar, med informasjon og veiledning. Kvart år får elevane gjennom elevundersøkinga muligheit til å svara på korleis dei har det på skulen. Resultata frå undersøkinga brukar vi i arbeidet vårt. I år har vi fått eit eige oppdrag der vi skal følgje opp dei skulane som skil seg ut med høge mobbetal over tid. Vi ber dei visa kva dei gjer for å betra kvardagen til dei borna som melder frå i elevundersøkinga. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og saman med Utdanningsdirektoratet kan vi tilby kompetanseheving til dei skulane som har dei største utfordringane.

Dessverre er det ikkje nedgang i mobbetala, sjølv om arbeidet har hatt fokus i fleire år. Det minner oss om at arbeidet mot mobbing må drivast som eit kontinuerleg arbeid for å sikra at færrast muleg vert mobba. Denne veka har vi forsøkt å vekka merksemd om temaet. Vi håper vi har nådd ut. Og at dei vi når tek med seg bodskapen vidare i kvardagen og deler den med fleire. For eitt born som vert mobba er eitt for mykje.

Post to Twitter Tweet This Post

3 tilbakemeldingar

  1. Norsk bokmål:
    Kommentar til setningen; fordi eitt born som vert mobba er eitt for mykje, oppfattes av meg som propaganda. Fylkesmannen kan ikke være rett instans.
    Vindere synes jeg Grethe Hovde Parr burde holde seg til bokmål i og innenfor Oslo, som her å nå, kun er begrunnet med internasjonale lenker på Fylkesbloggen.
    (Å Definere propaganda har alltid vært et problem.)
    English:
    Notes to the statement; because one child hosted bullied is one too much, is perceived by me as propaganda. The County may not be the appropriate authority.
    Vindere I think Grethe Hovde Parr should stick to bokmål in and within Oslo, as here to now, only justified with international links in County Blog.
    (Defining propaganda has always been a problem.)

  2. Av utdanningsdirektør Grethe Hovde Parr,

    Hei Lasse og takk for din kommentar.

    Å fremja det viktige arbeidet mot mobbing er ei av våre oppgåver, og ikkje meint som propaganda.

    Når det gjeld bruken av nynorsk, viser eg til lov om målbruk i offentleg teneste, som du kan lese her: http://www.lovdata.no/all/hl-19800411-005.html

  3. Av Juhar,

    bra skrevet, og et veidlg viktig tema! he5per vi kan fe5 slutt pe5 mobbingen snart.. Problemet er jo alle de unge, de ser ikke hvilke konsekvenser det kan fe5 senere i livet :/

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.