Er sosiale media noko for Fylkesmannen?

Av fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland, Publisert onsdag 17. april 2013

Like før jul i fjor bestemte vi oss: Vi vil prøva ut sosiale media. Med nylanserte internettsider og eit ønskje om å vera opne og tilgjengelege for innbyggjarane våre, fann vi ut at vi ikkje ville la alle desse nye kanalane for kommunikasjon ligga urørte. Eit prøveprosjekt på eitt år vart innleia i januar. Då inviterte vi folk inn til nyoppretta Facebook-side. I dag opna vi konto på Twitter. Og når du les dette, er det fordi vi altså har byrja å blogga. 2013 er året vi finn ut om sosiale media kan gjera oss betre.

Eg som har æra av å ønskja dykk velkomne til denne bloggen, er fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland. Eg vil vera tydeleg på at dette ikkje er min personlege blogg, men ein blogg for heile embetet. Etter kvart vil du møta fleire av mine dyktige medarbeidarar frå fleire avdelingar her på bloggen. Når vi til sommaren får på plass ei helt ny avdeling, vergemålsavdelinga, vil det arbeida rundt 300 dyktige fagfolk her på huset. Vi vil gjerne dela av våre erfaringar og kunnskap som vi får gjennom arbeidet. Men til det treng vi nye forum, og denne bloggen er eit forsøk på å finna vår eigen boltreplass for erfarings- og  kunnskapsdeling.

Våre tilsette får kvar dag mange spørsmål og tar dagleg viktige avgjerder. Svara vi gir og avgjerdene vi tar ønskjer vi at fleire skal få kjennskap til.  Vårt arbeid kan nemleg vera til hjelp for deg eller få konsekvensar for deg. Kan sosiale media hjelpa oss å hjelpa dykk? Det er det vi håpar på. Vi ønskjer å skriva om det vi oppfattar at du synest er viktig. Vi skal respektera at du er ueinig med oss, men vi kan ikkje alltid gå inn i diskusjonen. Vi  vil nok snakka i store linjer, og vi ytrar oss ikkje politisk på denne bloggen. Men vi ytrar oss, og vi ber deg om å gjera det same – og signera med fullt namn.

Denne bloggen vert skrive frå Statens hus. På den avsendaradressa kviler eit stort ansvar. Vi er avhengige av at folk har tillit til oss og til at vi behandlar saker på ein god og objektiv måte. At rettstryggleiken din er ivaretatt er svært viktig for oss, det same er teieplikta. Å foreina desse ideala med fornyingsministeren sitt ønske om at vi skal delta i samfunnsdebatten er ein utfordrande balansegang. Utfordringa tek vi, for vi veit vi kan bli betre til å formidla breiare.

I første omgang er desse kanalane noko vi prøver ut. Etter tre månader på Facebook, ser vi allereie at vi kjem i kontakt med menneske vi mest truleg ikkje ville møtt i brevs form, på kurs eller over telefon. Dersom vi ved utgangen av året ser at sosiale media er gode verktøy, vil vi vurdera å bruka dei vidare. Bloggen kan vera eit godt verktøy, men berre dersom du og fleire med deg les, kommenterar og engasjerar dykk. Og det første du kan vurdera å kommentera, er nettopp dette steget vårt ut i sosiale media. Kva trur du vi kan bidra med til desse kanalane?

Post to Twitter Tweet This Post

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.